Pilegrimsleden

Gammal veg med nytt innhald

Her er stienVi stod ved startpunktet, fire forventningsfulle stifinnarar. Tre og ein halv time seinare hadde vi svaret på det store spørsmålet: Finn vi vegen? Er det mogleg å finne veg i marka? Må vi nedom hovudvegen på enkelte parti? Svanhild og Jørgen Hundseth, Arthur Adamson og underteikna hadde ein klar motivasjon: Å gå like til Kvamsøy gjennom utmarka!
Vi gjekk på gjengrodde stiar, på delar av den gamle stølsvegen til Målsnesingane, på hjortetråkk og gamle bygdevegar…… Innimellom var det ikkje lignament av fàr etter ein sau eingong. Då var det å sjå seg ikring etter gode trasear.
Arthur og eg opplevde gjensynsglede då vi kom ned til 20131027_135307‘Langfredagsvegen’: Restar av den vakre gamle bygdevegen utom Sandvika. Sørgeleg med desse nye, moderne vegane som har ‘øydelagt’ så mangt eit kulturminne. Vi får ta vare på dei betane som har overlevd.
Alle hindringar til tross: Vi fann leia! Fire glade vandrarar var samstemt einige i at ‘vi hadde hatt ein gild tur’.

Framhald følgjer….

Om du i mellomtida ynskjer å sjå ‘Langfredagsvegen’ kan du gå inn på YouTube og søkje på filmen som Arthur laga då vi gjekk 20131027_134053vår første vandring på restane av den gamle bygdevegen nær Kvamsøy:

Bjørg’s pilegrimsvandring i Balestrand

Tillegg 16. april 2014:

Mellom forste delen av bloggen og dags dato:
No er vi i mål.. i alle fall første etappe! Dei første pilegrimar har vandra leia og funne stien god å gå på og sett kva for eit eldorado leia går gjennom. Eg trur at alle dei gode tankane, alle arbeidstak i glede, ligg ‘i lufta’ og er med å gjere Pilegrimsleia til noko heilt spesielt.
Dei som har vore med og tatt tak i steinar og tre og lyng og stubbar, er:
Jørgen Hundseth
Arthur Adamson
Ingvar Åberge
Erik Hoel
Sygnaelevar ved idrettslinja
Alle grunneigarane har vore positive!
Magni Jensen og Hege Klakegg har vore med på trase-jakt!

Hurra for alle!