Pilegrimsvandring til Tjuatoten

1098 meter over fjorden

Med fritt utsyn til sju kongerike står vi på platået der Tjuatoten er høgast. Eg har klatra til toppen før, men denne gongen er spesiell: Vi finn KROSSEN!
Vi fekk den finaste haustdagen vi kunne ønske oss, klår haustsol med varme er ikkje daglegdags. Tett granskog og lyse bjørkelier; blåbær, krekling og tilogmed tyttebær lenger opp mot høste kulen, sol og lette skyer. Sveitte og litt svimle ved eggen, der vi ser ned til Esefjorden på vestsida og Sværefjorden, Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden langt nedunder på austsida.
Heile vegen oppigjennom med dette store spørsmålet inni meg: Finn vi krossen, denne gongen?

Hjartet banka fortare, det var ei djup stille mellom oss , i tillegg til fjellstilla; så, med eitt står eg to meter unna nokre steinar som ligg i ring! Vi nådde toppen, men den var ikkje målet, denne gongen. Krossen var målet og der låg det!

Pilegrimane ved målet i Santiago de Compostela kunne ikkje ha vore lukkelegare enn Arthur og eg var ved dette underet! No ynskjer vi at mange, mange – frå heile verda – skal få same opplevinga som vi. Men vinteren må vike og snøen vekk før pilegrimar kan gi seg ut på Tjuatotenvandringa og finne krossen!

Den nye dagen
lyser som ei sol
over andletet ditt
og du strålar attende
og lyser for dine medvandrarar

This post is also available in: English