Mørkredd
Det høyrer barndomen til å vere redd for mørket, og andre skumle saker. Eg budde trygt og godt i lag med mamma og pappa og to storebrør. Pappa var Læraren i bygda, og vi budde ‘på skula’. Like ved Storevegen. Det var ikkje stor biltrafikk, og særleg ikkje om kvelden. Soverommet mitt var i andre etasje og som minst i søskenflokken, måtte eg legge meg før brørne mine, minst ein halvtime før. Så då mamma hadde bedt ‘Kjære Gud, jeg har det godt’ med meg, var eg att aleine i mørket. Det var ikkje det som var skummelt; det som verkeleg fekk hjartet til å banke fortare, var når det kom bilar på vegen; då lyste billyktene på lang avstand, og lyset fløymde bortetter veggene etter som bilen kom nærare. Så kjem han heilt nær og……..køyrer forbi – og eg pustar letta ut! Faren over, denne gongen, òg!
Kva eg var så redd for?….. Det har eg spurt meg sjølv om, mange gonger, ved dette minnet. Redsla for det ukjende, kanhende? Personifisert ved noko så farleg som ein bil, kanskje med ein farleg mann inni, som kom og ville ta oss…..der i fredelege Stavn i etterkrigstida…..
Seinare i livet har eg ikkje vore mørkredd …. men du, kor skummelt det var å ‘joine facebook’!
Når du kjem til toppen
og ser ned
går det opp for deg
at dei store problema
der nede
eigentleg er ørsmå
i den store samanhengen