Stikkordarkiv: kimer i klokker

Adventvent med barnet…

Tindrande barneblikk

bjørg… forventning er eit varmt ord. Å vente så ein har vondt i magen, er ikkje fullt så varmt. Begge høyrer jula til. Vi kan plukke dei fram, eitt for eitt: løyndomsfullt og gåtefullt og betlehemsmarkene. Vi gjekk til kyrkje 2. juledag. Det var gnistrande kaldt, det knitra under skorne, nasebora snørde seg saman og håret som stakk fram under strikkelua, hadde fått blonder av rimfrost. Vi blei helsa velmøtt av smilande menneske og lys! Eg gledde meg til å ta av kåpa, for å syne fram ‘julekjolen’. Elsa og Liv og Solveig hadde matroskjolar med kvit silkesnor og fløyte!
Kimer i klokker gjekk over i tre malmfulle slag, så stemte ho Brita til med Preludiet! Det var eit vanskeleg ord, og tonane kom nesten som frå himmelen, dei fylde heile kyrkja og svevde oppunder kvelvingen der dei la seg til ro. 
Andektig steig klokkaren ut i kordøra, opna si store svarte bok og las: ‘Herre, jeg er kommet inn i dette ditt hellige hus for å høre hva du ….’. Han sang på kvart ord; han var ekte nordfjording. Tenk, han heitte Vereide til etternamn… midt på flate Austlandet. Fornamnet Abraham syntest no eg høyrde til i Bibelens land. Det var innvandring i dei dagar, også! Salmane var det aller kjekkaste, og dei skulle ha mange vers, så eg lærte melodien. Eg blei flau ein gong; hadde ikkje forstått at det var v.1-3, så eg stemde i på det fjerde! …. Det var så mange spennande ord i kyrkja, slik som ‘dettehelligeevangelium’ og  og ‘velsignetværedu’! Yndlingsordet var ‘kyrieleison’. Då tenkte eg på når ho Ella mjølka kyrne i fjøset og sat på fjøskrakken og venta på 3 liter mjølk i spannet. Det var så godt med varm mjølk….. (det er lenge sidan no…), men det var litt skummelt å gå heim i mørket ned gutu…
Der kom det eit spennande nytt ord: ‘evangelistenlukas’. Presten på stolen var flott i den fotside svarte kjolen, men kragen var det flottaste. Eg hadde so lyst på ein slik ein! ‘Du mama; kan du sy…’ ‘Hyst no’… ho løfta fort fingeren til leppene, og eg forsto øyeblikkeleg! I kyrkja er det einast ‘Fadervår’ du får si fram!  Godt vi hadde så mange salmar og så mange fine blomar i taket, og tusen blanke lysekroner. Eg lurte meg også til å synge med på Postludiet… kunne ikkje fatte kvifor ikkje alle song av full hals, for det var så vakkert!
Barneminne
gjev kulør
til livet
perspektiv
på tilveret