Kategoriarkiv: Blogg

Gå seg fast

Tankestrøk ved djupner og bratte kneiker – i fjellet eller i livet

Høyanger-RETcc (1)Berget mitt 1

Du tar i på eit nytt prosjekt
du er vel i gang
trur du kjapt skal bli ferdig
så kjem veggen snikande
først som eit skjermbrett
så kjem den av betong
ugjennomtrengeleg
motøysa tek deg
du baskar i skor
du klyv opp bratte sva
spenner foten godt fast
i ei lita revne i berget
kreker deg opp på ei lita hylle
ser ned og ser stegi du har gått
…nokre er meir enn ingen…
for kvar liten avsats
er du nokre steg nærare toppen
og du bit deg fast
i steinar og deg sjølv
seier halvhøgt inni deg
eg skal
eg vil…
endeleg etter sveitte og tårer
og tunge tak
meir veit enn føler….
Eg greier det!

 

Ny start

Nye fjell og nye vidder

Stemorsting (1)Alltid på veg mot nye mål
Ei glede og ei utfordring på same tid
du har stadig nye ønskemål
nye vyer
alltid med håp om å lukkast
Gang på gang opplever eg
at linjer kjem litt i ulage
fargetonar fekk ein annan klang
at komposisjonen kunne ha vore
enda meir nøyaktig
… eg må le litt av meg sjølv
og smile litt….

Vi er då berre menneske
som faktisk er litt usymmetriske
Det einaste som tel
er å vere tru mot sitt indre
vere sannferdig i sin vandring i blomeenga
ha respekt for fjellet og dei vide viddene
… og erkjenne at himmelen ikkje alltid er blå….

 

Lyset i gråkulden

Lys over land

PerlerEin kald, riktig gråkald vinterdag
ikkje ein bitteliten solgløtt
skyene låg lag på lag
riktignok i forskjellige gråtonar
dei låg så tett saman
at ikkje ein millimeter sol slapp gjennom
Han er tung å kome gjennom
denne vinteren…
Nett slik ein dag
tar ein fram i minnet
doggdropemorgonar frå ein fargerik haust
blomeengene vi svømte i
på dei varmande junidagane
alle dei himmellysande sommarkveldane
der sola legg ein strålekrans i fjellranda
lenge etter ho har gått ned
No blei eg varm
berre ved tanken…
i kinna
og i hjartet
Vinteren er då så vakker
i alt det kvite og grå….
AutumnLeafØnskeliste i januar…….
Lukkelege barn og barnebarn
og barnebarns barn
gleder i kvardagen
soloppgang
lyse dagar
varmt sommarregn
tidlegvårgleder
utsyn frå høge fjell
som er lette å klatre
Kva meir?

Livet er bratt somme tider….

Bratte lier og stupbratte sva

Blomer(BAK)CMYKBerget mitt 1Nedre Vindrek beskåretLivet er utfordrande
som å klatre oppetter bergasider
Berget vert levande
glimar i sola
blendar deg i augo
gjev deg roser i kinn
hjartet vert oppglødd
og lungene fyllest med reinaste luft
parfymert av fjelldronning
og bergmynte
det er som å vandre
i eit eventyrleg farkekart

i grenseland mellom
rosenkvarts og beryll

tittar mose opp
i sprekker i glinsande gneis
klamrar fjelldronninga seg fast
og nikkar lukke til

løna ligg i

syn som heilar sinnet
duft som rensar kroppen
og kvar lufting
lindrar smerte

Ved målet augnar du
dalen langt der nede
svimlande smiler du
til ditt eige spegelbilde
i fjorden

og du veit at det finst
fleire fjell

å klatre
i dagar som kjem

Livet er
ei spennande reise

Fortida og framtida er i dette øyeblikk

Kven er vi?

Av og til fell eg i tankar. Ved eit kalendarvende er dei djupare… Kva har ført til at eg er nett den eg er… anna enn utsjånaden? Genene er nedarva og har gjeve meg nett den litt skeive kroppen, det venstre øyra som er festa litt lægre enn det høgre og blått syn på livet. Funderingane mine går heller på kva som forma vårt indre og gav oss styrke og svakheit, ståpåvilje og motløyse…. Kva kveikte oss og kva bøygde oss? Kor kom fargene i oss frå og trongen til å skape….

Bru i Supphamar-kopi (1)Dråper på bladAlle hendingar
frå vi opna augene
alle skriblerier
alle glade øyeblikk
alle møte med
medmenneske
alle doggvåte
morgonar og
skimrande solefall…
her står vi
midt på brua
og ber med oss
heile livet vårt…
Kva tar vi med oss
over brua
og inn i framtida
tru…
 

 

Anno Domine 2016

Porten inn i det nye året

Bakgrunn Sol

Her ligg alle fargane framføre
vi kan velje dei vi synest passar
for kvar einskild dag
Er dagen grå
finnst der muntre fargar
i paletten
Er dagen trist
vel fargar frå sola
Er dagen full av latter 
treng du kanskje
berre svart og kvitt
Kvar ein dag vi får
er eit nytt islett
i veven om ditt liv

Den siste dagen i året

Framføre eit nytt millennium under Vintergatan

BETHLEHEM SCAN

 

Kort 1Eit minne frå 1999 kjem for meg, like sterkt kvar nyårsaftan. Eg stod med barn og barnebarn på hytta. Høgt til fjells i frost og snø. Himmelen var klår og mørk og full av stjerner. Nokre sterke og klåre, nokre blinka som ‘lilla stjerna’. Innimellom såg vi dei ‘tindrande’, nett som i julesongen. Med eitt såg eg Melkeveien! Eg kjende meg midt inne i den store galaksen. Eg var ein del av eit uendeleg rom. Frå denne opplevinga gjekk vi inn i det nye millenium med ei oppleving som skulle sette preg på meg for alltid….

Blink då
stjerne
så vi kan sjå vegen
Skin
og gje varme
i kalde natt
til den nye dagen
lyser oss i møte

 

Romjul

Det stille rommet

APRIL-2008(RGB)APRIL-2008(RGB) (11)Glad fest med lys og glitter
gylne englar, stjerner,
med julesongar
og kantater…
vi har sett oss
kring dekka bord
med barn og barnebarn
og fryda oss
med Juleevangelium
og Downton ‘julespesial’
Vi har fått og gitt presangar
kjent på glede
ved å gje og ta imot
Vi har kosa oss
med julebaksten
pinneribbe, akevitt.

No det kjennest godt
å gå inn i
det stille rommet
for ei lita stund.

Ei stund for ettertanke
til fundering over tida
tida som vi fekk
og kva vi gav

tida no i dette øyeblikket
tida som vi
får i morgon
kanhende
 Vi går henne i møte
med hjarta opent
og augo vakne
i venting

Ellevtedag jul…..

Blåklokke lang smalO, du heilage kvardag….

Eg likar best kvardagar, det gjorde eg óg som liten. Vi fekk ikkje lov til å bruke saks på søndagar… og eg som var så glad i å leike med papirdokkar og designe nye klede, og då trengde eg saks…!.Eller brodere og strikke…. Og i alle fall ikkje sy med symaskin, så alle dei fine små avskjerlappane i mor sine sysaker, måtte fint ligge der om søndagen. Det var igrunnen barnetimen klokka seks lørdagskvelden som var starten på helga. Innessyssel på søndagar var lesing og teikning. Så lenge ‘presten var på stolen’ skulle vi halde oss inne. Dei søndagane det ikkje var preik, sat vi i beststova og høyrde på ‘messa i radio’ og song i lag med på salmane. Det var nesten som i kyrkja, eg såg for mitt indre blikk rosene i taket og altarbiletet av ‘Jeg er oppstandelsen og livet’……Av og til sat Papa og spelte på orgelet i skulerommet. Eg fekk tonar med meg frå slike stunder, laurdagskveldar eller søndags føremiddag…. og tonar har fylgt med meg heile livet. Når eg spaserer, kling ein spasersong inni meg. går eg er det gjerne i takt med ‘Lisa gikk til skolen’…. mens ‘Valsen går på Sunnanø’….for å rytmen inn, vert det tunge slaget på venstre og høgre fot vekselvis…. Julesongar kling like godt til all slags tempo, i all slags vèr og til alle årstider….. dei er tidlause….

Finn dine tonar
og set dei saman
til ein melodi
Så kan du
vandre ut i dagen
i takt med melodien
:::::