Stikkordarkiv: landmåling

Landmåling på Kvamsøy

Stor dag for pilegrimar! – 22. november 2013

20131122_110745Alle tenkjelege og utenkjelege offentlege vesen har samstemmig sagt ja til at vi skal få setje opp eit lite hus for Børtreet på Kvamsøyna. Inger Johanne og Bjarne Hjartholm har heile tida vore positive til prosjektet, og velviluge til å gje tomt til huset. Balestrand kommune med alle i administrasjonen har heile tida kome med råd i kvart ledd av prosessen. Maken til kommune! Her er det mogleg å vere ideutformar og -utviklar. Vi har erfart at kommunen ikkje berre er eit offisielt vesen; kommunen er folk! Folk med kunnskap og kompetanse, og mest verdfullt av alt: gangsyn og vidsyn. Litt gråvèr frå morgonen endra seg gradvis etterkvart som ytterpunkta på jordstykkjet vart markerte. Då Åsmund Landmålar hadde sett ‘merkesteinane’ i fjell og stein – 5 i talet, og fått dei inn på GPS’en, skein novembersola. Bjarne rodde oss attende til fastlandet og vi var samde om at ‘vi hadde hatt ein gild tur’. Vi var også medvitne om at dette vart ein historisk dag.

[box type=»info» style=»rounded» border=»full»]

Kvamsøy i Balestrand, sogn i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane, på nordsiden av Sognefjorden; 147 km2På den egentlige Kvamsøya tett ved fjordsiden, ca. 15 km sør for Balestrand tettsted, ligger den gamle Kvamsøy kirke fra 1300. Den nye kirken fra 1903 ligger på fastlandet ca. 5 km lenger ute ved fjorden. Kvamsøy var en flittig besøkt havn i sagatiden. Her lå bl.a. kong Sverre med sin flåte før slaget vedFimreite.Kvamsøysundet på innsida av Kvamsøya er ei av de beste naturlege havnene i Sognefjorden, og det finnes merke etter båtfester der jektene kunne fortøye.[/box]

20130329_161925

Kvamsøy kyrkje skin oss i møte
som slik på ein strålande
vakker seinhauses dag.
Til venstre mellom bergknausane
og treklynga ligg det nydelege,
skjerma området
som det vert fortalt om ovanfor.

Åsmund med GPS Åsmund Myklebust er Landmålar.
Han er tilsett ved Teknisk etat i kommunen.
Det var kjekt å vere med på arbeidet hans
med å måle opp og setje merkesteinar
ved grensen til det jordstykket for Børtrehuset.
Grunneigar Bjarne peika ut kvar han syntes
var det mest eigna stykket for føremålet.