Stikkordarkiv: dei gamle merkesteinane

Trappetrinn på pilegrimsstien

Dagen rann og sola sende sine kaskadar av stråleskudd over fjorden…

Frokosten var ikkje heilt fortært og tekoppen var ikkje for vel tømt….. ‘Kanskje vi skal ta oss ein tur ut til stien?’ …..Arthur, som likar å planleggje… som den mest selvfølgelege sak av verda: ‘Ja, vi kjører med ein gong!’…som om vi begge hadde tenkt det same på same tid….

Sti her???Det såg usikkert ut, med dette véret, men sola kom, ho, idet vi runda Målsnes, og ho var med oss i marka ved »Gamlevegen’. Utfordringa som stod att for stifinnarane, var å finne traseen for å binde saman den siste stubben av Galmevegen med stien som allereie fanst gjennom skogen ovanfor. Ikkje lange biten, men det såg intrikat ut. Store steinar, svaberg og den største høgdeforskjellen på heile strekningen….

 

 

FurutrappVi blei meir og meir overvelda etter kvart som vi fann dei raude merkebanda… oppetter små glenner i svaberga, mellom steinar på mjuk barnålgrunn, innimellom trestammer og jamsi’es med ein liten surlebekk…. Nokre stader hadde større tre måtta vike; det var einaste leia. Men du kor fint! Stubbane som står att blir trappetrin i stien!

Pilegrimsvandring Balestrand… ei oppleving for livet!

Pilegrimsveg med høgt syn

Nokre små regndropar helsa oss på vegen

Ingvar og Arthur i kvar sin skulptur…dei fekk ikkje følgje av fleire…varmt i véret… No var dagen og tida for rekognosering og litt meditasjon på pilegrimsleden! Dei har rydda og fundert på kor det er best å leggje stien….. Eg trur Ingvar og Arthur var spente på å vise meg arbeidet dei hadde gjort…..
DET BLIR BRA!… Stien snor seg forbi steinar, kryp oppetter lyngkledde bakkehell, og buktar seg kring eldgamle malmfuruer og styvingstre som ikkje har vore stuva på mange dei år! Så klyv han litt oppetter runde steinheller dekte av mose og lav…ein og annan bautastein gjev tankar om dei som bygde og budde og gjekk under dei same trekronene og såg utover den same fjorden. Ein liten surlebekk laga akkompagnement til tankane mine… eg måtte berre småsyngje litt inni meg… nett hatt feiring av Grunnloven i kyrkja og Songlaget deltok med Gamle Norig.. nørdst i grendom er vårt eiget ættarland… ved tanken vert eg høgtidssam og ærbødig overfor den vakre naturen vi får vere pilegrimar inne i…

KvilesteinSomme steinar er merkesteinar
som fortel om garden si soge
Somme steinar er muresteinar
høvande til steingjerder kring ein åker
Andre steinar ligg i bekken
og har fått runde former
Hus for einkvan?etter kjælen leik med vatnet
Så har vi dei gamle stabbesteinane
som blondekantar langs vegen
Så har du steinen du ikkje kan beskrive
han er høg eller låg
knudrete eller glatt
avrunda eller flat
og du kan ikkje ta i miss når du ser han
Han er kvilesteinen
til nistepakke
og meditasjon
::::::

Å sprenge grenser

Merkesteinar

Merkesteinar har ein heilt spesielt definert funksjon (nedst på sida:’open me’). I denne samanhengen legger vi eit meir symbolsk innhald… ein stein som står for ei anna tid, å overskride ei grense i ditt eige sinn ….. ein overgang til ein annan sinnstilstand. Å gje seg ut på ein pilegrimssti…du går for rekreasjon, naturoppleving, finne deg sjølv, finne di eiga stemme, finne din plass i tilveret…. Vi har så mange grunnar for å gå… Vårt ønske er at alle som går, får ei oppleving av spesiell verdi.  

MerkesteinFortida
talar til oss
med mange stemmer
Lytt!
Minne
frå vår eiga fortid
gjer oss glade
triste eller vemodige
Av fortida
skapar vi framtida
i dag …

Rammeprogram for Olsokvandringa i Balestrand
28. juli:
Du kjem til Balestrand og vi invitere til ei samkome med informasjon, film og musikkinnslag.
Kaffe/ te/ noko å bite ti
29. juli:
Pilegrimsvandring til Kvamsøy
Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy middelalderkyrkje
Avduking av skulpturen ‘Børtreet’ og signing av Børtrehuset
30. juli:
Pilegerimsvandring til Tjuatoten
Samlingsstund ved steinkrossen på topplatået 1098 moh
Denne turen er for deg som likar å bryne deg på utfordrande terreng.
Vi vil arrangere alternativ oppleving for deg som ikkje vil utfordre høgdene.

[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Merkestein er en stein som ligger i eiendomsgrensen, og viser hvor grensen går. Navnet kommer av eldre ord for markskille, dvs. grenser i marka.

Ofte er steinene lagt som siktstrekninger, og i hjørner av grensen. Helt fra de eldste norske lovene har vi strenge forbud og straffer mot å flytte merkesteiner uten at eieren ga lov til det. Merkesteiner kan ha en særegen form, og/eller ha figurmerker formet av streker malt på og/eller hogd inn i steinene. I nyere tid kan det være bolter satt i stein for å markere et målepunkt som er angitt i et målebrev for eiendommen. Merkesteiner er ofte særskilt omtalt og listet opp i eldre grensebeskrivelser for eiendommer i forbindelse med deling og utskilling av eiendommer fra et hovedbøle.[/toggle]

Landmåling på Kvamsøy

Stor dag for pilegrimar! – 22. november 2013

20131122_110745Alle tenkjelege og utenkjelege offentlege vesen har samstemmig sagt ja til at vi skal få setje opp eit lite hus for Børtreet på Kvamsøyna. Inger Johanne og Bjarne Hjartholm har heile tida vore positive til prosjektet, og velviluge til å gje tomt til huset. Balestrand kommune med alle i administrasjonen har heile tida kome med råd i kvart ledd av prosessen. Maken til kommune! Her er det mogleg å vere ideutformar og -utviklar. Vi har erfart at kommunen ikkje berre er eit offisielt vesen; kommunen er folk! Folk med kunnskap og kompetanse, og mest verdfullt av alt: gangsyn og vidsyn. Litt gråvèr frå morgonen endra seg gradvis etterkvart som ytterpunkta på jordstykkjet vart markerte. Då Åsmund Landmålar hadde sett ‘merkesteinane’ i fjell og stein – 5 i talet, og fått dei inn på GPS’en, skein novembersola. Bjarne rodde oss attende til fastlandet og vi var samde om at ‘vi hadde hatt ein gild tur’. Vi var også medvitne om at dette vart ein historisk dag.

[box type=»info» style=»rounded» border=»full»]

Kvamsøy i Balestrand, sogn i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane, på nordsiden av Sognefjorden; 147 km2På den egentlige Kvamsøya tett ved fjordsiden, ca. 15 km sør for Balestrand tettsted, ligger den gamle Kvamsøy kirke fra 1300. Den nye kirken fra 1903 ligger på fastlandet ca. 5 km lenger ute ved fjorden. Kvamsøy var en flittig besøkt havn i sagatiden. Her lå bl.a. kong Sverre med sin flåte før slaget vedFimreite.Kvamsøysundet på innsida av Kvamsøya er ei av de beste naturlege havnene i Sognefjorden, og det finnes merke etter båtfester der jektene kunne fortøye.[/box]

20130329_161925

Kvamsøy kyrkje skin oss i møte
som slik på ein strålande
vakker seinhauses dag.
Til venstre mellom bergknausane
og treklynga ligg det nydelege,
skjerma området
som det vert fortalt om ovanfor.

Åsmund med GPS Åsmund Myklebust er Landmålar.
Han er tilsett ved Teknisk etat i kommunen.
Det var kjekt å vere med på arbeidet hans
med å måle opp og setje merkesteinar
ved grensen til det jordstykket for Børtrehuset.
Grunneigar Bjarne peika ut kvar han syntes
var det mest eigna stykket for føremålet.