Stikkordarkiv: meditasjon

Velkomen til å prøvegå Pilegrimsleia!

Raude band langs leia!

pilegrimsstiFire komma fire kilometrer sti snor seg no gjennom Målsnesmarka….
Han er rydda og jamna. Tre som stod i vegen, er saga ned.  Snublesteinar er blitt trygge stegtrinn.
Stien er merka. Du kan gå på han!  Påsken er nett den rette tida for Prøvevandring. Jo fleire føter som trør, jo meir vert det ein sti! Du kjører, eller syklar… eller går til der Saurdalsvegen startar. Der vil du sjå eit kart over heile stien. Nyt turen, og den unike naturen! Ta deg gode pauser. Det er mykje vakkert å sjå langs leia. Stien er i sin spede begynnelse. Rom vart ikkje bygd på ein dag, ei heller er Pilegrimsleia komplett. Men naturen er!

Mosegrodd 2Tysdag 15. april klokka 1800 vil vi gjere ei uformell samla vandring. Dei som vil slå seg saman med oss, er hjarteleg velkomne! Viss du tar kontakt på førehand, vil vi organisere skyss attende til Kallestad eller Balestrand. 

Kartet du ser ovanfor, er lite, så eg legg det også inn direkte på facebookprofilen min.

Over bruer og gjennom grinder

Det er noko spesielt med bruer og grinder….

Vidare går arbeidet.. no vil Jørgen og hans menn snart begynne arbeidet med ei god grind frå utmarka til området ned på bøen, nærare gardshusa… og i tillegg stien som som vil føre pilegrimen til den vakre plassen der Tusenårseika står….. Her er det lett å føle samband med fortida… og framtida kan reflektersat over…i stillheit og ro…. Det er óg naturleg å lytte til sjelen si stemme…..I refleksjon og meditasjon er det kanhende ein finn noko av meininga med at vi er her…nett no… Under den ærverdige eika… Og går ein inn i treet, kan ein tilogmed oppleve å sjå himmelen…

20131027_124905

Over bruer
og gjennom grinder
i ukjend land
det krevs manns mot
og kvinnes styrke
for å våge seg utpå
og gjennom
men ein må
over og gjennom
for å nå
morgonlandet
…..
:::::

 

Bli med på første Pilegrimsvandring Balestrand
Olsokdag 29. juli 2014

Set av datoane 28.-31. juli så får du med deg heile arrangementet
Meir informasjon kjem etter kvart.

Følg med på heimesida!
Kvar ny ‘pilegrimsnytt’ vert kunngjort gjennom link til Facebook: Bjørg Frøisok Bjøberg.
Gje meg eit lite vink om du ynskjer direkte oppdatering.
Tlf.: 91562842 e-post: bjoergfb@online.no
..Vi kan også bli vener på facebook…