Stikkordarkiv: Pilegrimsleia

Fager kveldssol smilte

Over Pilegrimssleia

ei lita kveldsstund på Pilegrimsstien… forunderlege natur som aldri sluttar å overraske… som alltid gir og gir… Det einaste vi behøver å gjere, er å kome der…

Lage stiEg gjekk ein tur på stien
og det var ro ikring meg
det var steinut somme stader
moseteppe innimellom
stien snor seg kring ein stubbe
akte fote så eg ikkje snublar i ei trerot
Det vesle underet skjedde;
Det stive kneet var mjukna
Korsryggen likeeins
verka ikkje slik han gjorde
før eg tok fatt på kneikene

…og fuglane kunne ikkje stoppe å kvitre...

Velkomen til å prøvegå Pilegrimsleia!

Raude band langs leia!

pilegrimsstiFire komma fire kilometrer sti snor seg no gjennom Målsnesmarka….
Han er rydda og jamna. Tre som stod i vegen, er saga ned.  Snublesteinar er blitt trygge stegtrinn.
Stien er merka. Du kan gå på han!  Påsken er nett den rette tida for Prøvevandring. Jo fleire føter som trør, jo meir vert det ein sti! Du kjører, eller syklar… eller går til der Saurdalsvegen startar. Der vil du sjå eit kart over heile stien. Nyt turen, og den unike naturen! Ta deg gode pauser. Det er mykje vakkert å sjå langs leia. Stien er i sin spede begynnelse. Rom vart ikkje bygd på ein dag, ei heller er Pilegrimsleia komplett. Men naturen er!

Mosegrodd 2Tysdag 15. april klokka 1800 vil vi gjere ei uformell samla vandring. Dei som vil slå seg saman med oss, er hjarteleg velkomne! Viss du tar kontakt på førehand, vil vi organisere skyss attende til Kallestad eller Balestrand. 

Kartet du ser ovanfor, er lite, så eg legg det også inn direkte på facebookprofilen min.