Stikkordarkiv: Balestrand

Historisk!

15. april Anno Domine 2014

Første Pilegrimsvandring i Balestrand… i moderne tid. Vi ville teste stien. Spennande! Ville dei andre verte like betatt som vi er? Etter nokre steg blei eg heilt roleg; dei var med! Dei såg og tok inn den underfulle Guds natur. Dei såg at her har han verkeleg stødd ut med raus hand…. 

Lage stisteinane
stubbane
fuglekvitteret
froskedammen
furuskogen
granskogen
barnålene
dei tørre knausane
steintrinna
bekkesurlet
Gamlevegen
moseteppe
lauv

 

Og alle var einige om at det hadde vore ei gild Pilegrimsvandring!

Vi er alle fulle av beundring og takksemd til Jørgen, Arthur, Erik, Ingvar og Sygnaelevar for det arbeidet dei har lagt ned i å finne den gode leia, rydde og jamne stien…. Det merkast at dei har hatt både hjerne og hjarte med! 

 

Fager kveldssol smilte

Over Pilegrimssleia

ei lita kveldsstund på Pilegrimsstien… forunderlege natur som aldri sluttar å overraske… som alltid gir og gir… Det einaste vi behøver å gjere, er å kome der…

Lage stiEg gjekk ein tur på stien
og det var ro ikring meg
det var steinut somme stader
moseteppe innimellom
stien snor seg kring ein stubbe
akte fote så eg ikkje snublar i ei trerot
Det vesle underet skjedde;
Det stive kneet var mjukna
Korsryggen likeeins
verka ikkje slik han gjorde
før eg tok fatt på kneikene

…og fuglane kunne ikkje stoppe å kvitre...

Prøvegå Pilegrimsleia

Raude band langs leia!

pilegrimsstiFire komma fire kilometrer sti snor seg no gjennom Målsnesmarka….Han er rydda og jamna. Tre som stod i vegen, er saga ned.  Snublesteinar er blitt trygge stegtrinn. Stien er merka. Du kan gå på han!  Påsken er nett den rette tida for Prøvevandring. Jo fleire føter som trør, jo meir vert det ein sti! Du kjører, eller syklar… eller går til der Saurdalsvegen startar. Der vil du sjå eit kart over heile stien. Nyt turen, og den unike naturen! Ta deg gode pauser. Det er mykje vakkert å sjå langs leia. Stien er i sin spede begynnelse. Rom vart ikkje bygd på ein dag, ei heller er Pilegrimsleia komplett. Men naturen er!

Mosegrodd 2Tysdag 15. april klokka 1800 vil vi gjere ei uformell samla vandring. Dei som vil slå seg saman med oss, er hjarteleg velkomne! Viss du tar kontakt på førehand, vil vi organisere skyss attende til Kallestad eller Balestrand. 

Kartet du ser ovanfor, er lite, så eg legg det også inn direkte på facebookprofilen min.

Pilegrimsveg med høgt syn

Nokre små regndropar helsa oss på vegen

Ingvar og Arthur i kvar sin skulptur…dei fekk ikkje følgje av fleire…varmt i véret… No var dagen og tida for rekognosering og litt meditasjon på pilegrimsleden! Dei har rydda og fundert på kor det er best å leggje stien….. Eg trur Ingvar og Arthur var spente på å vise meg arbeidet dei hadde gjort…..
DET BLIR BRA!… Stien snor seg forbi steinar, kryp oppetter lyngkledde bakkehell, og buktar seg kring eldgamle malmfuruer og styvingstre som ikkje har vore stuva på mange dei år! Så klyv han litt oppetter runde steinheller dekte av mose og lav…ein og annan bautastein gjev tankar om dei som bygde og budde og gjekk under dei same trekronene og såg utover den same fjorden. Ein liten surlebekk laga akkompagnement til tankane mine… eg måtte berre småsyngje litt inni meg… nett hatt feiring av Grunnloven i kyrkja og Songlaget deltok med Gamle Norig.. nørdst i grendom er vårt eiget ættarland… ved tanken vert eg høgtidssam og ærbødig overfor den vakre naturen vi får vere pilegrimar inne i…

KvilesteinSomme steinar er merkesteinar
som fortel om garden si soge
Somme steinar er muresteinar
høvande til steingjerder kring ein åker
Andre steinar ligg i bekken
og har fått runde former
Hus for einkvan?etter kjælen leik med vatnet
Så har vi dei gamle stabbesteinane
som blondekantar langs vegen
Så har du steinen du ikkje kan beskrive
han er høg eller låg
knudrete eller glatt
avrunda eller flat
og du kan ikkje ta i miss når du ser han
Han er kvilesteinen
til nistepakke
og meditasjon
::::::

Anno Domini 2014

Nytt år….

Dei to orda rommar eit univers av moglegheiter. Jula er snart over.. juletreet står fortsatt skinande med lys og glitter og stjerne…. alle gode ord, alle gode opplevingar har gitt oss energi. Gode stemningar, gode stunder…aleine eller med familie og vener… No er vi klare for å ta fatt på dette med å gje innhald til eit heilt nytt år A.D. 2014. Overvelda… og ikkje så lite skjelven står ein ved ei sandstrand eller under veldige stjernehimmel ….. ved låge åsar med bølgjande marker og vide himmel over…. tett innunder høge fjellsider, eller ved kvite vidder… og tenkjer på at kvar dag dette kommande året skal fyllast……

Inspirasjon
Kvar eg  finn inspirasjon?
….
Frå hjarte og sinn
frå ditt opne blikk
frå barnets latter og vidunderlege undring
frå ei venleg berøring av di varme hand
frå tåredropar og doggdropar
frå talande blomar
og tindrande stjerner
Inspirasjon
er enkelt sagt
eit anna ord
for hardt arbeid
med glede

Vi har alle våre inspirerte øyeblikk og våre inpirasjonskjelder….
Vi er alle med å danne kjede, vi er alle perler….