Stikkordarkiv: Pilegrimsvandring

Fager kveldssol smilte

Over Pilegrimssleia

ei lita kveldsstund på Pilegrimsstien… forunderlege natur som aldri sluttar å overraske… som alltid gir og gir… Det einaste vi behøver å gjere, er å kome der…

Lage stiEg gjekk ein tur på stien
og det var ro ikring meg
det var steinut somme stader
moseteppe innimellom
stien snor seg kring ein stubbe
akte fote så eg ikkje snublar i ei trerot
Det vesle underet skjedde;
Det stive kneet var mjukna
Korsryggen likeeins
verka ikkje slik han gjorde
før eg tok fatt på kneikene

…og fuglane kunne ikkje stoppe å kvitre...

Prøvegå Pilegrimsleia

Raude band langs leia!

pilegrimsstiFire komma fire kilometrer sti snor seg no gjennom Målsnesmarka….Han er rydda og jamna. Tre som stod i vegen, er saga ned.  Snublesteinar er blitt trygge stegtrinn. Stien er merka. Du kan gå på han!  Påsken er nett den rette tida for Prøvevandring. Jo fleire føter som trør, jo meir vert det ein sti! Du kjører, eller syklar… eller går til der Saurdalsvegen startar. Der vil du sjå eit kart over heile stien. Nyt turen, og den unike naturen! Ta deg gode pauser. Det er mykje vakkert å sjå langs leia. Stien er i sin spede begynnelse. Rom vart ikkje bygd på ein dag, ei heller er Pilegrimsleia komplett. Men naturen er!

Mosegrodd 2Tysdag 15. april klokka 1800 vil vi gjere ei uformell samla vandring. Dei som vil slå seg saman med oss, er hjarteleg velkomne! Viss du tar kontakt på førehand, vil vi organisere skyss attende til Kallestad eller Balestrand. 

Kartet du ser ovanfor, er lite, så eg legg det også inn direkte på facebookprofilen min.

Indre styrke

Flytte fjell

Sherpaer hadde vore det store!
Deler av stien har vore utfordrande; den einaste moglege traseen har vore for bratt! Korleis skal vi kome oss opp? Eg tenkte ….. hadde lese om sherpaer i Luster; enn om vi kunne fått dei hit! Eg tenkte høgt, og Jørgen hadde eit lite smil om munnen….sa ikkje noko….
Neste gong vi gjekk ein tur i stien, ja, så fekk vi ro, som i songen; for  d e r  var det kome ei steintrapp… og ei til! Ja, den Jørgen, du! No også som sherpa! Er det nokon sak? Her har vi fire staute karar, Jørgen, Arthur, Erik og Ingvar, som på kvar sin vis gjer ein utruleg innsats for STIEN… Dei sagar og ryddar og finn gode snuingar på stien, slik at han skal bli god å trø, så ikkje forten skal vakle……

Steinarbeid


Indre styrke

Om du har
is i magen
brann i hjartet
vakent auge
og kvasst syn
om du i tillegg har
klår hjerne
og talefør tunge
Og om du unner deg
ro for tanken
Då kan du
flytte fjell

 

Steinarbeid 2

Ved kvart storarbeid
må ein starte i det små
Skal du klatre i ein stige
må du alltid først
det første trinnet gå

 

 

 

 

 

Klikk på ‘Open me’ så får du programmet for Olsokvandringa i Balestrand…

[toggle title_open=»Close Me» title_closed=»Open Me» hide=»yes» border=»yes» style=»default» excerpt_length=»0″ read_more_text=»Read More» read_less_text=»Read Less» include_excerpt_html=»no»]Program

28. juli: Ankomst utover dagen
Om kvelden: Festleg samver med konsert, film og informasjon

29. juli
Pilegrimsvandring til Kvamsøy
Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje
Avduking av ‘skulpturen ‘Børtreet’…signing av Børtrehuset

30. juli
Pilegrimsvandring til Tjuatoten
Alt opplegg for dei som ynskjer ei mindre utfordrande løype

31.juli:
Avreise[/toggle]

Trappetrinn på pilegrimsstien

Dagen rann og sola sende sine kaskadar av stråleskudd over fjorden…

Frokosten var ikkje heilt fortært og tekoppen var ikkje for vel tømt….. ‘Kanskje vi skal ta oss ein tur ut til stien?’ …..Arthur, som likar å planleggje… som den mest selvfølgelege sak av verda: ‘Ja, vi kjører med ein gong!’…som om vi begge hadde tenkt det same på same tid….

Sti her???Det såg usikkert ut, med dette véret, men sola kom, ho, idet vi runda Målsnes, og ho var med oss i marka ved »Gamlevegen’. Utfordringa som stod att for stifinnarane, var å finne traseen for å binde saman den siste stubben av Galmevegen med stien som allereie fanst gjennom skogen ovanfor. Ikkje lange biten, men det såg intrikat ut. Store steinar, svaberg og den største høgdeforskjellen på heile strekningen….

 

 

FurutrappVi blei meir og meir overvelda etter kvart som vi fann dei raude merkebanda… oppetter små glenner i svaberga, mellom steinar på mjuk barnålgrunn, innimellom trestammer og jamsi’es med ein liten surlebekk…. Nokre stader hadde større tre måtta vike; det var einaste leia. Men du kor fint! Stubbane som står att blir trappetrin i stien!

Pilegrimsvandring Balestrand… ei oppleving for livet!

Det lysnet i skogen….

‘Godt og tenleg vèr’

Slik las klokkaren i inngangsbøna til høgmesse annakvar søndag i min barndoms kyrkje i Flå. No har vi hatt godt og tenleg vèr for gutane som jobbar med å rydde skog. Det ser litt drastisk ut på bildet ovanfor. Ta det heilt med ro, Ingvar skal ikkje gå laus på ei einaste av dei store vakre eiketrea i Målsnesskogen. Han skal ta så lite som mogleg! Men det er viktig å få ein god trasé, at stien vert god å trø, så nokre tre står bokstaveleg talt i vegen. Men tre står att …mest som ein allé vert det. Høge slanke furutre i god blanding med småvokste lauvtre og meir eller mindre søyleforma einerbusk. ..innimellom finn vi orekratt med klunger….bjørnebærhallingar fulle av renningar som klorer seg fast i deg… Her må ryddast.. ..Fuglar syter for sang til pilegrimsvandringa, mosekledd mark under høge slanke furustammer gjev ein god klangbotn.

20131027_121856
Verdfull

Du
fyller ein plass
berre du kan fylle
Vi
har alle
våre plassar
i det store
rommet
Det
gjer godt
å vite

 

[box type=»info» style=»rounded» border=»full»]Eik i kulturhistorien[rediger | rediger kilde] Mektige eiketrær har hatt en sentral plass i menneskenes kultur og religion i flere tusen år. Guden Zevs ble dyrket som eikegud i Dodona i det gamle Hellas, der treet særlig ble forbundet med lyn og torden. Også Litauen hadde sin tordengud knyttet til eikelunder. Treet var ellers hellig både i Italia, blant keltere og germanere. Fremdeles signaliserer tunge eikemøbler makt og tradisjon, mens eikeløv brukes som symbol på styrke og utholdenhet, blant annet på medaljer og militære gradtegn. Eik er dessuten nasjonaltre i Tyskland, Storbritannia og USA. Flere steder i verden er det spesielle eiketrær som har fått egne navn.Eik i kulturhistorien[rediger | rediger kilde] Mektige eiketrær har hatt en sentral plass i menneskenes kultur og religion i flere tusen år. Guden Zevs ble dyrket som eikegud i Dodona i det gamle Hellas, der treet særlig ble forbundet med lyn og torden. Også Litauen hadde sin tordengud knyttet til eikelunder. Treet var ellers hellig både i Italia, blant keltere og germanere. Fremdeles signaliserer tunge eikemøbler makt og tradisjon, mens eikeløv brukes som symbol på styrke og utholdenhet, blant annet på medaljer og militære gradtegn. Eik er dessuten nasjonaltre i Tyskland, Storbritannia og USA. Flere steder i verden er det spesielle eiketrær som har fått egne navn.

http://no.wikipedia.org/wiki/Eikeslekten[/box]

 

 

Det er så mange hendingar i bygdom komne til……..

Tusenårseika ved Pilegrimsstien

Dei ‘store’ pilegrimsmåla, slik som Mekka, Jesusalem, Santiago de Compostela, Cavadonga, Iona….har mykje til felles når det gjeld sjølve vandringsleia… det finnst skulpturar, kross eller andre ‘merke’ langs vegen. Pilegrimsleden frå Balestrand sentrum til Kvamsøy har ein særmerkt naturleg skulptur: Målsneseika. Ho er unik, ho er eitt an dei eldste trea i Noreg!

‘Treet på haugen’ har ein særeigen dåm over seg. Dette treet var planta eller sådde seg sjølv   f ø r   Noreg var samla til eitt rike! Eika har vore vitne til mang ‘ein trufast træl’… har sett ferdafolk frå framande land fare forbi utpå fjorden. Kong Sigurd stemna inn og kanhende kasta han eit blikk på den unge eika og bad gjerne ei bøn for folket sitt og landet…. Ho har fått med seg dei fleste ‘hendingar i bygdom komne til’… har sett merkesteinar verte sett i jorda, ungar har leika rundt stomnen og klatra i greinene…. kruna har gjeve  livd til utegåande sauer og mang ein trøytt arbeidskar har sett seg ned eit bel og kvilt ryggen sin mot den trauste stomnen… sjølv om ‘vinden tok om toppane’ og mangt eit stormkast har prøvd krefter mot treet… Tusenårseika på Målsnes står!

20131027_131837‘Å forvalte sitt pund’ er eit gammalt uttrykk som enkelt froklart er å bruke sine talent eller eigneluter på rett vis. Her ser vi døme på dette  rett framfor augene våre. I arbeidet med Pilegrimsvandring Balestrand har vi opplevd at grunneigarar velvillig ‘deler’ naturperler med oss alle. Vi opplevde det på Kvamsøyna, slik eg i ein tidlegare blogg har fortalt om. No opplever vi det med grunneigarar langs pilegrimsleia; dei ser verdien det vil få for bygda….samfunnet i vidare forstand….dei har auge for at ved å bidra… og dra i flokk, kan ‘storverk bli fødd’… i moderne språkdrakt: det er ein ‘vinn-vinn’ situasjon….
Så lagar Jørgen og hans menn ein fin port i gjertdet frå utmarka.. og ein sti vil føre vandraren ned til ei stille stund på haugen…og kanhende vil han finne att noko av meininga med at han er her nett no… Under den ærverdige eika… og går han inn i treet, kan han tilogmed oppleve å sjå himmelen…

 

Pilegrimsvandring

Balestrand er unik!

Fjella som omkransar den vakre fjorden, er i seg sjølv eit pilegrimsmål. Den særmerkte naturen er ei Gudgjeven gåve til det travle notidsmennesket, i alle aldrar og frå alle verdenshjørne.
Denne naturen sin eigen katedral er staden for å samle sinn og sjel og tankar.
Naturen i samhandling med menneskeskapte monument er hovudingrediensane i Pilegrimsvandring Balestrand.
I løpet av ein fireårsperiode vil vi leggje til rette for fire mål for pilegrimsturar. Desse turane har alle eit vandring og eit mål av kyrkjeleg, spirituell, kulturell og historisk karakter.