Kategoriarkiv: Pilegrimsnytt

Den store opplevinga i sommar…

Velkomen til Pilegrimsvandring Olsok 2015!

20130329_123739Blir du med på Pilegrimsvandring i Balestrand? Naturen på denne staden er unik, både for å vandre i og for å ta inn gjennom syn og sansar…  Dette er staden for rekreasjon og ettertanke. Gjennom vandring i Guds frie natur, båtferd over det vesle fjordstykket til Kvamsøya, Pilegrimsgudstenesta i kyrkja og vitjing til Børtrehuset med skulpturen Børtreet… alle desse elementa gjev kropp og sinn ny næring. Alle treng vi å lade opp batteria ein og annan gong.

29. juli er det duka for ny vandring til den ærverdige kyrkja på Kvamsøy. Sjølve pilegrimsstien er vel fire kilometer, og går gjennom variert og vakker Vestlandsnatur. Vi vil helst ha solskin, men vandringa er like vakker om det kjem nokre dropar av livgjevande regn.
Vandringa til fots med pausar undervegs tar omlag tre timar. Frå Balestrand sentrum til starten på stien syter vi for skyss og vi har også kyrkjebåt over til Kvamsøya. Detaljert program for dagen kjem i neste innslag i ‘Pilegrimsnytt’.
KvamsøyPilegrimeer&Børtreet

Langfredag 2015…

Dagen rann opp med sol frå aust…

Tre vandrarar… det er Langfredag og folk flest vil til fjells for å gjere seg påskebrune. Vi var ein liten flokk som tok ut på vandring i låglandet, på Pilegrimsstien. Om flokken var liten, vart turen ei stor oppleving. Stien låg der, like heil og med tydelege teikn på at her er veg for folk. Naturen talte til oss gjennom glissen høgreiste furuskog, edellauvskog enno i tidlegvårdrakt, like før kleskift, mosekledde steinar og nålebelagt teppe på stien. Dei gamle eiketrea og Tusenårseika takte til oss meir kortvokste kryp… Men vi kunne lukte skogen, sjå skogen sitt velsigna mangfald, høyre fuglekvitteret, føle alderenssogesus gjennom dei gamle vridde furustammene. Kor heldige vi er som kan sanse og ta inn i hjarta vårt desse perlene frå skaparen si hand….
Takk for turen, takk for vandringa saman på Pilegrimsstien! Velkomen igjen til Pilegrimsvandringa til Olsok!mqdefault

Langfredagsvandring på Pilegrimsstien

Blir du med?

Arthur på GamlevegenI 2013 var den første vandringa på Pilegrimsstien, bare stykkevis… Det var den dagen ideen om sti her blei fødd. Langfredag 2014 var historisk: Dette var dagen for sen første Pilegrimsvandringa på den nye stien, heilt ut til Kvamsøy. I år, Anno Domine 2015 vil vi gjere turen igjen. Dette er tredje året, då vert det kalla tradisjon….
Vermeldinga har lova solskin, godt og tenleg ver til vandring.  Vil du gå Pilegrimsleia saman med andre pilegrimar, er du hjarteleg velkomen. Møt opp klokka 1200 ved Saurdalsvegen (nede ved riksvegen). Vi har ikkje det store programmet som ved Olsokvandringa i fjor. Dette blir ei stille, enkel vandring. Ei vandring til ettertanke og fred.

Unn deg tid til ettertanke
til undring over universet
søk stille stunder i ein travel kvardag
samle sinn og sjel og sansar
skap ein symfoni
i tid og rom

 

Haustblikk tilbake på Pilegrimsleia….

Vi nådde målet!

Haust ved kyrkja Vi gjekk ein veg i lag. Ein etter ein etter ein…. frå start til mål. Starten var ved tømmerplassen oppi Saurdalsvegen. Målet var Børtreet på Kvamsøyna. Alle kom fram til målet…. 
Vi hadde kvar våre tankar undervegs….
Vi var litt stille og lyttande til naturen sine lydar
Pilegrimeer&BørtreetVi var undrande over fargespelet vi høyrde langs leia.
Vi kjende oss små under dei høgvokste furutrea.
Vi song i lag i kyrkja.
Vi lytta til dei same orda og tonane som klang innunder kyrkjetaket i den ærverdige kyrkja frå 1280.
Deilig er jorden…. blei vår pilegrimssong til Børtreet:
Høgtid er det ordet som for meg beskriv stunda og dagen.

Takk for høgtid saman….

 

29. juli – Pilegrimsvandring

PROGRAM FOR DAGEN

1230: Fellesvandringa startar ved avkøyrsla til Saurdal
Høgtideleg opning av Pilegrimsstien v/ Ordførar i Balestrand

fire i eikaUndervegs:
Samling ved Tusenårseika
Høgtisstunda vert leia av Kjersti Brudvik

 

Pilegrimsmålet

 

1700: Pilegrimsgudsteneste i Kvamsøy kyrkje
Medverkande:
Egon Askvik
Tore Brudvik
Diccon Pearce
Randi Fasmer
Sandra Pearce:
Eyolf Østrem:  Gregoriansk sang

Historisk!

15. april Anno Domine 2014

Første Pilegrimsvandring i Balestrand… i moderne tid. Vi ville teste stien. Spennande! Ville dei andre verte like betatt som vi er? Etter nokre steg blei eg heilt roleg; dei var med! Dei såg og tok inn den underfulle Guds natur. Dei såg at her har han verkeleg stødd ut med raus hand…. 

Lage stisteinane
stubbane
fuglekvitteret
froskedammen
furuskogen
granskogen
barnålene
dei tørre knausane
steintrinna
bekkesurlet
Gamlevegen
moseteppe
lauv

 

Og alle var einige om at det hadde vore ei gild Pilegrimsvandring!

Vi er alle fulle av beundring og takksemd til Jørgen, Arthur, Erik, Ingvar og Sygnaelevar for det arbeidet dei har lagt ned i å finne den gode leia, rydde og jamne stien…. Det merkast at dei har hatt både hjerne og hjarte med! 

 

Fager kveldssol smilte

Over Pilegrimssleia

ei lita kveldsstund på Pilegrimsstien… forunderlege natur som aldri sluttar å overraske… som alltid gir og gir… Det einaste vi behøver å gjere, er å kome der…

Lage stiEg gjekk ein tur på stien
og det var ro ikring meg
det var steinut somme stader
moseteppe innimellom
stien snor seg kring ein stubbe
akte fote så eg ikkje snublar i ei trerot
Det vesle underet skjedde;
Det stive kneet var mjukna
Korsryggen likeeins
verka ikkje slik han gjorde
før eg tok fatt på kneikene

…og fuglane kunne ikkje stoppe å kvitre...

Pilegrimsleia er klar for prøvesmaking!

Raude band langs leia!

Sti her???Fire komma fire kilometer sti snor seg no gjennom Målsnesmarka….
Han er rydda og jamna, stien. Tre som stod i vegen, er saga ned.  Snublesteinar er blitt trygge stegtrinn.
Stien er merka. Du kan gå på han!  Påsken er nett den rette tida for Prøvevandring. Jo fleire føter som trør, jo meir vert det ein sti! Du kjører, eller syklar… eller går til der Saurdalsvegen startar. Der vil du sjå eit kart over heile stien. Nyt turen, og den unike naturen! Ta deg gode pauser. Det er mykje vakkert å sjå langs leia. Stien er i sin spede begynnelse. Rom vart ikkje bygd på ein dag, ei heller er Pilegrimsleia komplett. Men naturen er!

pilegrimsstiTysdag 15. april klokka 1800 vil vi gjere ei uformell samla vandring. Dei som vil slå seg saman med oss, er hjarteleg velkomne! Viss du tar kontakt på førehand, vil vi organisere skyss attende til Kallestad eller Balestrand.

Kartet du ser ovanfor, er lite, så eg legg det også inn direkte på facebookprofilen min.

Prøvegå Pilegrimsleia

Raude band langs leia!

pilegrimsstiFire komma fire kilometrer sti snor seg no gjennom Målsnesmarka….Han er rydda og jamna. Tre som stod i vegen, er saga ned.  Snublesteinar er blitt trygge stegtrinn. Stien er merka. Du kan gå på han!  Påsken er nett den rette tida for Prøvevandring. Jo fleire føter som trør, jo meir vert det ein sti! Du kjører, eller syklar… eller går til der Saurdalsvegen startar. Der vil du sjå eit kart over heile stien. Nyt turen, og den unike naturen! Ta deg gode pauser. Det er mykje vakkert å sjå langs leia. Stien er i sin spede begynnelse. Rom vart ikkje bygd på ein dag, ei heller er Pilegrimsleia komplett. Men naturen er!

Mosegrodd 2Tysdag 15. april klokka 1800 vil vi gjere ei uformell samla vandring. Dei som vil slå seg saman med oss, er hjarteleg velkomne! Viss du tar kontakt på førehand, vil vi organisere skyss attende til Kallestad eller Balestrand. 

Kartet du ser ovanfor, er lite, så eg legg det også inn direkte på facebookprofilen min.