Kategoriarkiv: Blogg

Adventvent 6

Mangfald

Tenk om vi alle var like! Du, kor kjedeleg ei verd…. Men likskapstrekk er det, så visst: alle har vi grorbotn i oss til ville å redde verda eller til å medverke til den lille forskjellen, til å ønske å krype inn i oss sjølve og tilogmed surmule litt innimellom, og kva med ‘meg vite best’….? ‘…skulle så gjerne ha…..’ kven av oss har ikkje tenkt eller sagt det…. Den ideelle verda får vi aldri, men vi kan no gjere det beste ut av råstoffet…, og vi er på god veg, no i adventa….så; kom og still opp, dette er meint til deg….. 

Til deg
…som er varm og impulsiv,
gledespreiande og grensesprengjande,
stolt og audmjuk, barsk og mjuk,
intellektuell og sensitiv;
har auge for stemningar og er kjenslevàr,
søkjer stillheit og opplevingar,
er inspirerande og nysgjerrig lyttande….
…. kjenner du deg att?….

Adventvent 5

Småtankar
…frå ei vakker bygd ved ein stor fjord…i eit lite land

Vi har det så godt. Vi har det så altfor godt. Vi har det betre enn vi skulle hatt det….. særleg no i adventstida.Mange i min generasjon er kjende med omgrepet og kjensla ‘dårleg samvittigheit’. Det vert ein liten frustrasjon i meg dette; konflikten mellom ‘å ha det godt’ og ‘alle som ikkje har det godt’.

«Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm!»
Halldis Moren Vesaas sa det forløysande ord.

Vi har lov til å ha det godt. Vi har lov til å førebu ei god jul og slik halde tradisjonar i hevd.
 Vi har lov til pynte med stjerner og lys og flettekorger forma som hjarter i glanspapir. Vi er så heldige at vi kan gjere grannen vår glad, også. Det er ikkje ‘anten – eller’. Det er ‘både – og’.  

Ny dag
gamle ord
nye tankar
i vare sinn

 

Adventvent 4

Engledans og englesnø

Det skulle helst vere snø og snø, gjerne nysnø av og til, og den måtte dekke over alt som minte om andre årstider. Eg syntest ikkje noko om strå stikkande opp av snøteppet. Utpå seinhausten når gradestokken oftare var under null enn over, var slutten kveldsbøna, før amen: ‘Kan du ikkje la det kome snø i morgon?!’ Viss han venta til ut i november med å drysse den første snøen utover jordene, var det lovleg seint…. Eit godt teikn var det når elva fekk iskappe! ……… Så ein morgon var verda kvit!……… Var eg så heldig at det hende seg på ein mandag, onsdag eller ein fredag, kunne eg nyte kvart korn av nysnøen ; heile dagen fri!….for det var det storeklassen sine dagar. Eg som budde på skulen, var så heldig å ha leikekameratar i alle friminutt…… Men oftast kom den første snøen utpå ettermiddagen…..med skumringstimen…… Då vart det mest som andakt. . . . Ein undrast over om englar finnst, det er ikkje for meg å svare. For oss var ikkje det noko særleg viktig spørsmål… vi berre laga dei…..som den mest sjølvinnlysande sak i verda….

Englar i snøen var vi
då vi var små

Vi låg i den kalde mjuke snøen
….det måtte helst vere nysnø
som eit nystokent teppe….
og laga englar i tusental
med slette vengjer eller med blondekant
Så reiste vi oss varsamt
….og steig så langt vi kunne til sida
måtte ikkje øydeleggje kjolen….
Etterpå hoppa vi frå engel til engel
og laga engledans i snørommet
– det var ikkje synd å danse når ein var engel –
Men det beste var å leggje seg i ring med englane
og sjå like inn i himmelen
med stjerner og stjerner så langt auga rakk
– og der utanfor var den verkelege himmelen
visste vi…

Adventvent 3

Når englar stupar kråke

Englar kan alt. Syngje. Danse. Gje deg ei varm omfamning – utan armar. Stupe kråke – gjere både forlengs og baklengs salto. Dei kan tilogmed gjere små apestrekar; men dei kan ikkje vere ekle med kvarandre, eller mobbe. Det er likesom ikkje engleaktig…. på eit vis. Tenk om vi kunne vere meir englevise! Særleg no i adventtida. Og allerhelst etter jul, i januar….

Kviskrande kvite engel
Om du er heilt stille kan du høyre den kvite engelen
fortelje gledeleg nytt i vinterkulden
Engelen i den kvite skya
ser og høyrer
bodskap frå sfærer vi berre kan ane
Lytt og fornem den tause bodskapen
for undraren

Adventvent 2

Og dei såg hans stjerne i aust….

Den mektigaste stjernehimmelen eg nokon gong har sett, var 31.desember 1998, på Solbjargr, hytta vår i fjellet i Gol. Det var første gong eg verkeleg såg og forsto dette med Melkeveien. Idet vi gjekk inn i ‘Det Herrens år’ 1999 stod vi ute….i kalde vinternatt…… og var eitt med stjernene…..vi høyrde til i den store samanhengen. Vi vandrar saman på ‘Vintergatan’…..
Våre små adventslys er som stjerner i mørket. Tenk om vi kunne sjå ned til alle dei små lysa som vert tende rundt i vårt lille land! Vi er saman…… nett no…….

Forstå Melkeveien?…..
det blir nok alltid ei vandring i undring…..
her under myriadene…..

Adventvent 1

Forventning

Før jul då eg var lita jente i ei bittelita bygd i innlandet – med skogen tett innpå – mørke kveldar med stjerner og snø på. Forventning – julaftan er sååå langt borte, jula kjem aldri! Eg talde dagar, fleire gonger om dagen; trur ingen kunne vere meir utolmodig enn eg var. Mamma sydde alltid nye klede til oss ungane. Særleg godt hugsar eg ein kjole, raudrutete, stor krage med smale raude fløyelsband i kanten, skjørtet var med folder og det rakk godt nedpå leggen. Det var eigentleg berre vaksne som hadde side kjolar, den gongen. Han var så fin, men det var eit stort aber: stoffet var ull – som klødde noko så forferdeleg; eg gledde meg til å ta han på, for det var ein skikkeleg finkjole, meir enn søndagsfin. Men det var alltid ein liten dempar på gleda, sart barnehud gjekk ikkje saman med stikkete ullstoff! Du, for nokon problem vi hadde, dengong på 50-talet……

Finn små smilehull
i hverdagen
kryp ned i eitt
og kjenn kor lunt det er

Hurra!

‘Levande steinar’ seglar ut frå beddingen

….. så var berget gjenskapt. ‘Levande steinar’ blei tittelen. Små og store og større utfordringar har det vore på vegen. Om eg er glad for å vere ferdig med det? Det kjennest rart og tomt, eg saknar det……det var trygt å gå til atelieret og vite sånn nokonlunde kva dagens arbeid gjekk ut på. I hovudet mitt er eg allereie halveges opp langs fjellsida på Storehesten. Har ‘klatra’ det før, så denne gongen blir det ein annan trasé. Som ikkje har vore klatra før – med akvarell. Og ei anna årstid. Spennande? Det ordet dekkjer ikkje. Ei sitrande kjensle, likedan kvar gong eg startar med ei ny fjellvandring……

Å bli kjend med ein ven
er som å klatre i fjell
Vis respekt for fjellet
lytt til fjellet sine teikn
følg fjellet sine furer

Ein kan svimle ved avgrunnar
rygge attende ved bratte kneiker
mot og vilje trengs for å nå toppen

Ein treng klatrekunne
for å dyrke venskap

Snart til topps!

Liv og lære – å lære er å leve

Folkeskole – Realskole – Gymnas – Universitet – Vidareutdanning……. kor mykje lærdom er det mogeleg å ta inn? Siste store eksamen eg tok var ‘Musikkhistorie’ – åtte timar med topp konsentrasjon og innsats skulle gje meg ein karakter som eg skulle ta med meg for resten av livet. Du kor mykje som stod på spel! – den dagen og nokre veker etterpå. Lærde eg noko eg kunne klart meg forutan? Kanhende – kanhende ikkje. Eg ser på mykje av den ‘pugge’-lærdomen eg har tileigna meg som ‘utviding av horisontar’; du klarar deg godt i livet utan denne ‘belastninga’ eller ballasten, men det gjev farge til dagen. Det gjer livet rikare og kvardagen meir mangsungen.

Å sitje å lytte til eit menneske som har levd lenge, eller å utveksle meiningar med barnebarn i ulike aldrar, –  i tillegg til erfaring ein har fått med åra, – er det det ein kallar ‘livets skole’? eg kan rett og slett sitte på pulten i ‘livets skole’ – resten av livet. DET er det som utvidar horisontar og sameinar oss her i verda. Og det er då ‘godt å høyre til’…..

§
Lær meg
å møte motgang
med livsmot og optimisme

Lær meg
å takle motgang
og beholde gleden over å leve

Lær meg
å bruke de rette våpnene
nå jeg skal til kamp med amøbene

Gi meg visdom til å se
når det er verd å kjempe

Skummelt!

Mørkredd

Det høyrer barndomen til å vere redd for mørket, og andre skumle saker. Eg budde trygt og godt i lag med mamma og pappa og to storebrør. Pappa var Læraren i bygda, og vi budde ‘på skula’. Like ved Storevegen. Det var ikkje stor biltrafikk, og særleg ikkje om kvelden. Soverommet mitt var i andre etasje og som minst i søskenflokken, måtte eg legge meg før brørne mine, minst ein halvtime før. Så då mamma hadde bedt ‘Kjære Gud, jeg har det godt’ med meg, var eg att aleine i mørket. Det var ikkje det som var skummelt; det som verkeleg fekk hjartet til å banke fortare, var når det kom bilar på vegen; då lyste billyktene på lang avstand, og lyset fløymde bortetter veggene etter som bilen kom nærare. Så kjem han heilt nær og……..køyrer forbi – og eg pustar letta ut! Faren over, denne gongen, òg!
Kva eg var så redd for?….. Det har eg spurt meg sjølv om, mange gonger, ved dette minnet. Redsla for det ukjende, kanhende? Personifisert ved noko så farleg som ein bil, kanskje med ein farleg mann inni, som kom og ville ta oss…..der i fredelege Stavn i etterkrigstida…..
Seinare i livet har eg ikkje vore mørkredd …. men du, kor skummelt det var å ‘joine facebook’!

Når du kjem til toppen
og ser ned
går det opp for deg
at dei store problema
der nede
eigentleg er ørsmå
i den store samanhengen

Eksotisk

Orkide til natten

Nattfiol er ein av dei få ville orkideane som veks i Norge. Nattfiolen er ikkje daglegdags ‘her på berget’. Men han var her, ein gong, då berget var her. No er han berre i akvarellen – og sjølvsagt – i Minneboka. Eg minnest når eg i seine seinsommarkveldar tok ein liten omveg heim; til den hemmelege veksestaden oppe på berget: Nattfiolen lyste meg i møte som ei stjerne i natta. Det er etter skumringstimen du kjenner duften best, står det i Floraen min. Ho får hjelp av nattsvermarane til pollinering, difor sender ho ut ei intens duft fot å vekke merksemd. Tenk kor vis naturen er.

‘Sjå til liljene på marka…..’

Livet
er tusen små
gylne øyeblikk
Ett av dem
er nå