Kategoriarkiv: Blogg

Det umerkelege snupunktet….

Så skjer det igjen…

utsnittDette året skjedde det den 17. januar…. ein dag med austavind og kalde gufs over fjorden. I fjor skjedde det på ein annan dato, kanhende, og i eit anna vér.  Der skjer umerkeleg… ein eller annan gong i dagsløpet, stoggar eg opp midt på kjøkengolvet og kjenner på noko som eg ikkje kan forklare …eg ser omkring meg… alt er som vanleg. Eg merkar det meir enn eg ser det, i brøkdelen av eit sekund … Lyset er på veg attende!
Nett som i livet… vi kjem til punkt der vi veit at noko har skjedd, du er forandra eller nokon eller noko rundt deg er forandra, som vil ha ein effekt på livet vidare….

Lite øyeblikk
Gi bort et øyeblikk
av dagen din
til en du er glad i
Et lite øyeblikk
i tanken
Kanhende 
det  kan gjere
den store forskjellen

Med blanke ark…….

Det kvite arket…. den nye dagen

Eit reint kvitt ark ligg framfor meg… eg har planlagt kva eg skal fylle det med; det skal bli eit praktverk…for mitt indre blikk er det allereie der, motivet er der! Alle linjer er på plass. Alle fargar har fått den rette glød, alle nyansar er nøye målt til… Lyset inn i skuggen og skuggen inn i lyset. Ord og tankar har fått plass innafor arket sine rammer. Alltid tenkjer eg…. ved kvar ny start: Lukkast eg denne gongen, tru….

Slik er det med dagen vår óg…. Frå morgonen har vi han framfor oss, og vi skal fylle han, anten med fysiske gjeremål, som jobb eller pensjonistsyssel, med småord til naboen, ein telefonsamtale, handel og vandel…..  gode tankar skal sendast, kanskje og nokre ord på eit kort i posten, gammaldags og godt…. Blir det solskin i dag, eller må vi klare oss med solskinet i går… og det som skal kome… Himmelen er fylt av skyer. Så får vi oppleve at solstråler kjem på så mange slags vis og solstråleenergien kan lagrast….

Eit bilete er som ein dag

Den nye dagen
lyser over kvar liten ting
over den lille snøstjerna som glitrar til deg
over hustaket til naboen tvers over vegen
over den nakne bjørkeskogen som strålar burgunderraudt attende
over den viltveksande oreskogen som strålar i grøne nyansar og spår om vår
over raudstrupen på fuglebrettet
og du spør om du nokon gong har sett slik ei raudfarge før

over Gulleplet …. så endeleg du trur på segni om gullskatten
over den største av Spenadne så du verkeleg veit korleis forgylt snø ser ut

og så byrjar dagen
min
og din
og han blir slik du skapar han
vakker

Ein liten push i bakken

 Dropar til livDen store forskjellen

Av og til når vi går på fjelltur, når det er riktig tøffe oppforbakkar, og det er det ofte her i vest…. er det godt med ei hjelpande hand. Vi går nokre år tilbake; eg hadde ein tørn med kropp og hofter som gjorde meg litt ‘ufør’. Det var haust og tre søte barnebarn var på besøk. Solveig, eldstedotter mi, er av det friluftslivlege slaget, og dei drog meg med på tur! Tjuatoten var målet… for dei unge. Mitt mål var Mastefestet over Tjugum. Vakkert utsyn, første niste og tepause…. ‘Du kan jo være med litt lenger, Mormor! Åsmund minstemann lokka så godt han kunne. Det minte meg litt om då vi drog Solveig og hennar søsken….på påsketurar i fjellet…..vi lokka med appelsiner som vaks på tre litt lengre framme……
Vidare oppigjennom bjørkeliene røyna det skikkeleg på, verk i kne og hofter! Dei hadde ikkje lyst til å gå vidare utan meg, og eg hadde så lyst…… Arild Julius, 13-åringen, kom med det forløysande framlegg: Bjørg og Åsmund kan dra deg oppover der det er for bratt for deg, Mormor! Eg kan gå bak og puffe på! Vi nådde toppen! Ei vakker oppleving. Min største seier i bakken! Det var visst hustre og kald sno der oppe, men du kor varmt med slik ein supportergjeng!

Det skal så lite til
for å gjere livet lettare for din neste
Sjølv om du ikkje er råsterk
er du gjerne sterkare
                           enn den som er svak
                            Då kan du gjere den store forskjellen

 [box type=»note» style=»rounded» border=»full»]Tjuatoten (50-1098 m.o.h.)Tjuatoten er ein topp over Dragsvik og Balestrand , det er ein tung tur som går oppover fjellsidene over Dragsvik. På toppen får ein ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, både utover mot stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger[/box]

Akvarell i fjell

Fjellklatring

[box type=»info» style=»rounded» border=»full»]Akvarell er for meg det einaste medium for kunstnarlege gjengjevingar av eit motiv, vere seg naturalistisk eller abstrakt. Fargespelet, sjatteringane har alltid fascinert meg frå eg gjorde mine første nølande penselstrøk. Etterkvart har eg lært meg å danse med penselen, har lært å lage den rette blandinga av vatn og farge….og ikkje minst, eg har lært et det er langt igjen…..[/box]

Stor spenning ved ei ny klatring: Storehesten opp…og nedatt. Fjellvettreglar for akvarellkunstnarar finst ikkje. ‘Vegen vert til medan ein går’ er første punkt. Så kjem vèret og spelar ei stor rolle i fargevalet…. Dette med at det aldri er for seint å snu…..hm…nei, det er ikkje aktuelt! Har eg først gjort så mange førebuingar, frå val av vinkel, storleik, stemningsleie og ikkje minst har eg først trakka opp stien med blyant, så er det ikkje noko alternativ: Eg skal til topps! Ein dag eller ei veke til undervegs, det spelar inga rolle….. Det er kjekt å møte andre undervegs, men på dei vanskelegaste partia, må det vere fullstendig einsemd og ro…. Så møtest vi på toppen!

7 Stjernesildre
Det er alltid

   ein oppgang
   frå den mørkaste dal
   og di høgre opp
   du kjem
   di meir
   ser du
   flikar
   av den blå
   himmelen

 

[box type=»tick» style=»rounded» border=»full»]Kvamshesten med sine 1209 meter er eit av dei høgste fjella mellom Førdefjorden og Dalsfjorden i Sunnfjord. Den markante profilen som reiser seg steilt opp frå landskapet ikring, kan særleg frå sør fortone seg som ein hestekropp. Lokalt i Sunnfjord kallast fjellet Storehesten, avdi det er det største av fleire fjell med hestenamn i dette distriktet. [/box]Frå første gong eg oppdaga Storehesten, har eg vore fascinert av han. Linjene, lys og skugge i frontalen, dei forskjellige fargane i berget er alltid skiftande. Sol, regn, vår og vinter…. fjellet har så mange fasettar der det majestetisk reiser seg i himmelsynet. Det vil for alltid ha ein eigen plass i mitt hjarte, og eg ville så gjerne kalle det mitt. Men eg må stille meg langt bak i køen av beundrarar…og det er heilt greitt…..så lenge eg har ein liten del av dette monumentet….

Heilagtrekongarsaftan

I evig rørsle og stille roJuleglede til langt inn i nyåret…

…..går det an?… Det er likesom så enkelt å vere forventningsfull i advent. Vi er programmerte til å vere glade ved juletide. Nyårsfesten er ein eksplosjon av ellevill lykke. Og så kjem dei grå dagane……Då er det ein får leite fram gleden inne i seg. Gleda kjem frå tusen små gullstjerner på himmelen, frå rødstrupen som flyktig kjem og nappar eit korn av juleneket…… Vi har alle våre ulike gledekjelder, om vi tenkjer etter….
For meg er glede bunde saman med fargar. Eg har nett streva meg gjennom byrjinga på ein akvarell, har ikkje heilt fått taket på han, har ikkje levd meg nok inn i han…… Men så i eit lite magisk øyeblikk i to-tida i dag fell fargar og linjer, lys og skugge på rett plass…..O, lykksalighet! Samhandling mellom kunnskap og krefter, fantasi og talent, og ikkje minst den altomfemnande kjærleik til gjerningen, om det er ein undervisningstime eller ein akvarell, ein steinmur eller eit politisk foredrag. Slikt ynskjer eg alle må oppleve, frå barnehagen til oldtidshagen: Skapargleda, gleda over å sjå noko vekse fram ….. noko som du har vore med på å vatne…..
Lykke til med eit nytt fargerikt skapingsår! Grått eller raudt, turkis, grønt, blått eller lilla…….

 

Samtalemøte
med glade fargar
på vandring
på søk etter
nye måtar
og nye vegar
Alltid vakent leitande
etter nye utfordringar
ved neste høgdedrag
.:.

Anno Domini 2014

Nytt år….

Dei to orda rommar eit univers av moglegheiter. Jula er snart over.. juletreet står fortsatt skinande med lys og glitter og stjerne…. alle gode ord, alle gode opplevingar har gitt oss energi. Gode stemningar, gode stunder…aleine eller med familie og vener… No er vi klare for å ta fatt på dette med å gje innhald til eit heilt nytt år A.D. 2014. Overvelda… og ikkje så lite skjelven står ein ved ei sandstrand eller under veldige stjernehimmel ….. ved låge åsar med bølgjande marker og vide himmel over…. tett innunder høge fjellsider, eller ved kvite vidder… og tenkjer på at kvar dag dette kommande året skal fyllast……

Inspirasjon
Kvar eg  finn inspirasjon?
….
Frå hjarte og sinn
frå ditt opne blikk
frå barnets latter og vidunderlege undring
frå ei venleg berøring av di varme hand
frå tåredropar og doggdropar
frå talande blomar
og tindrande stjerner
Inspirasjon
er enkelt sagt
eit anna ord
for hardt arbeid
med glede

Vi har alle våre inspirerte øyeblikk og våre inpirasjonskjelder….
Vi er alle med å danne kjede, vi er alle perler….

Romjulsdraum 4…..

Like før klokka kimar det nye året inn…

Eit nytt år har meldt sitt komme…. nyttårsforsett? Trur ikkje det…. er gammal nok til å hugse at slike forsett var vanskelege… noko blei vrangt og noko gjekk på skeive… og noko gjekk rett så bra…. og eg er ung nok til å håpe på at eg i det nye året vil få høve til å rette opp det som gjekk skeis… det som gjekk på tverke…. det eg sa feil og det eg ikkje sa, men burde ha sagt…. Arnulf Øverland sa noko om at «døgnet har mange timer, året har mange dage» …dagar til å gjere godt igjen….

Himmelraude skyer i brann
så stig ho over fjellkanten
sola
eksplosjon over fjorden
Så tar himmelen på seg si vante drakt
Men han gøymer på
minnest ekstasen
frå hendinga
idet ein ny dag
står i startgropa

Romjulsdraum 3

I desse vareteljingsdagar….

 For 17 år sidan sa eg farvel til jobben min. Ville prøve ut andre talent enn å vere lærar. Eg møtte mange gleder og utfordringar. Eg møtte mange nye vesen i den nye livet mitt. Eg møtte kommunale vesen…. mellom andre skattevesenet….Det var nytt og ukjent…. Sjølvmeldinga var levert og eg kom i tankar om dette offentlege rommet vi alle er ein del av. Tankane enda opp i ei lita tekstrekkje:

Rekneskap
er å telle alle sine varer
Ein tel alle sine utgifter
og deretter alle sine inntekter
Så trekkjer ein alle sine utgifter
frå alle sine inntekter
Så sit ein att med alle velsigningane
Og dei veit ikkje skattevesenet noko om
…..dei er så vanskelege å telle….

 

 

Romjulsdraum 2

Huset ved vegen

Romjulsdagar med fred og stilla gjev tankar fram og attover… til det som var. Menneske eg møtte langsmed vegen… som sette sine spor…. Dei som gjekk føre og gav niste med på vegen…. gav oss ein arv å odle…. gav oss rikdom større enn gullmyntar i ei kiste….

Her er hus langsmed vegen
med varme innfor døra
Kom inn
set deg ned eit bel
set skodna innmed omnen
det er kaldt i gangen
Hjartevarme menneske
har ein stol for alle
ung som gammal
Mat for kroppen
Mat for sjelen
…og i rik’leg mål
Ho veit kva som trengst til dagen
har kunnskap og forståing for det meste
auser av ei kjelde
frå liv og tradisjon
mest frå utømelege hjartekjelda
som flyt over
og gjev kveik til alle

…i djup glede og takksemd for møtet…

Romjulsdraum

Julebrev adresse Jorda…..

Nokre tankebanar kring verda og korleis vi styrer og steller vår forunderleg vakre buplass i Vintergatan…..

Når Vårherre tar et kveldsblikk
over sine mange kloder
blir han litt betenkt
og i fundering
om hvor lite de har husket
av hva han nevne
før han sendte dem
til hver sin ende
av det store lekerommet
De har funnet på så mange regler
om samarbeid og takt og tone
De har glemt å smile lunt
og blinke til hverandre
De har til’med glemt å leke
når dagens dont er over
Har de også mistet helt av syne
den store stjerna langt i øst
den som leia skulle vise
?
Var det kanskje snart på tide
å trekke litt i trådene
forta en ørliten justering…
når jeg nå ved juletide
hilsener skal sende
rundt til mine kjære kloder
Gled dere
ta i ring og dans litt med hverandre
—-ville Han kanhende si—–