Kategoriarkiv: Blogg

Juleglede 3

Den eviglange dagen….

I min barndom – på 50talet – var ‘De ti bud’ LOV i einkvar heim ….. og i tillegg nokre andre bodord og påbod og reglar om dagleg liv og levnad. For oss ungane sette desse reglane uforståelege avgrensingar på aktivitet, somme tider. Førstedag jul var ein lang dag! Vi fekk nemleg ikkje lov til å gå ut. Her hadde vi nye ski eller kjelker som vi brende etter å få prøve…. var det nysnø, gjorde det rett vondt….  Vi hadde fått nye klede som vi ville syne fram til venninnene. Alt eg tigga og bad, nytta ikkje. Far var streng, og mor var søndagsskulelærar, så vi måtte vere gode eksempel i bygda……..Tolmodet vart sett på mang ei hard prøve… og eg hadde mang ein hard argumentasjon med min strenge Fader…. .I ettertid ser eg korleis dette har sett preg på oss…. Vi lærde respekt for det heilage…. og det har vi då ikkje hatt vondt av….


Arven
Den beste arven
frå dei som gjekk føre
er å eiga minnet om
ei god mor
ein omsorgsfull far
ei mild bestemor
og ein rettlinja bestefar
Den arven gjev velsigning
i tusen foll

 

Juleglede 2

Betlehem i Afrika eller Norge…..

Det gjekk ut ein gjetar
ein stad i utmarka
han såg til sauen sin
og gledde seg over alle englane
i det høge graset
…englane song
og freden var med han

Englane song eingong for hyrdingflokken
vakkert lydde det
og det gledde sjeler
og folket gjekk for å finne
barnet å undre seg over

Dei fann det
under stjernestrødd hiommel
og vinka med palmegriener
i stor glede
Og dei gjekk heim
i fred med seg sjølve og kvarandre….

::::::::::

Juleglede

Det store gloria

Det var songarstemne…i Balestrand…..songaråret sitt klimaks. Veslemøy på 7 fekk vere med på den store konserten i gymsalen på Statsrealskulen. Alle kora vart lytta til men skarpt øyre og vakent blikk. Så kjem det.  .. det er frå barnemunn ein får høyre det beint fram utan omsvøp: Hør på henne som syng så falskt!… Gode råd dyre, kva skal ein svare for å hindre katastrofe… Eg kviskra inn i øyra hennar: ‘Hør på dei tonane som er vakre, istaden!’ … og dei fleste tonane var vakre!
Englehæren song for hyrdingane på markene utanfor Betlehem… det høyrer vi kvart år. Eg undrar meg på om ein av englane i iver og glød song litt falskt…..  Det står ikkje i skrifta, men eg trur gjerne det. Men hyrdingane… då dei fór inn for å fortelje om englesongen, nemde ingen ting om falske tonar. Dei fortalde om det fantastiske dei hadde opplevd…… Når ein har hjartet med, vert tonane vakre. Vi kan alle vere med i det store gloria…med kvar våre stemmer…. 

Gloria in excelsis Deo
Ved dag og ved natt
ved morgon og kveld
… bømande sommar og spirande vår
glødande haust og snøkledde vinterdag…
kling tonen til Guds ære

 

Adventvent 24

Frå 8000 meters høgd….

Eit av mine sterkaste førjulsminne…tida i revers til Anno Domine 1964…  det vil alltid vere i mitt indre. Bardufoss flyplass… eg sat på juleflyet på veg heim etter eit halvt års virke som lærar i førsteklasse på Elvetun. Den Nord-Norske vinteren var mørk og vakker. Mange inntrykk frå skumringslys midt på dagen og så mørke natt heile resten av døgnet….for ein 19-årig søring var det overveldande…møtet med nordlendingan og andre naturfenomen….
Flymotorane rusar opp…min første flytur nokonsinne!….her er det berre å setje sin lit til piloten, han har vore ute ei mørk vinternatt før…. take-off går fint…. flyet vender nasen opp til værs…augene mine ser ut av vindauget…..der er lyset! Avglansen frå ei synkande sol langs heile firmamentet … synet er så overveldande, så utanom-ordleg vakkert. Eg må berre takke for å vere til! ….mørket tar igjen over… 8000 meter over havet: eg ser ned…. og tusen julelys er kveikt; langt der nede bur folk, klamrar se fast på den smale snødekte kyststripa…. og heile rommet utanom er ‘himlens djupblå grunn’…  flyet førte meg sørover og sørover …. i mitt indre ser eg flyturen som ein film….

No 49 år seinare forstår eg det; dette er det som vekte trongen til å uttrykkje meg i bilder….det indigoblå havet med dei mange funklande lys frå hus med folk i …. på smale kyststripe, snødekt og lys…. og så det veldige havet og himlen….

Stillhet
fløyel
snø
lysskin over fjell
glans over fjorden
nordlys over vinterhvelven
stjerner over mørke jord

stillhet
som gir tanker rom

 

Adventvent 23

Lys over land….

‘solverv for hjertene bange’……
kor forunderleg annleis heile naturen vert med eit lite solstreif. Den livgjevande sol…. det magiske lyset over fjord og fjell. Allnaturen og vi hungrar etter solgløtt i mørketider…… berre ein liten strime. Fargespekteret vert eit anna….kvar einskild farge får eit vell av sjatteringar, grønt er ikkje berre grønt lenger, blått er ikkje blått…… Skaparlyset gjev oss varme…. til å ståle vidare til medmenneske i vår midte….

Nytt lys
Eg vert stogga
i den daglege vandringa
og ser verda frå ein annan vinkel
Solskin over snøkledde sva
gjev eit anna lys
verda vert mjukare
den blå vinterfjorden
får eit gyllenblå lød
skuggane under Esefjell
syng ein ny melodi
og eg går med age
ein ny dag i møte

Adventvent 21

Min barndoms fjell

‘Landskapet ein bur inne i set spor i hugen. Det gjev tankar og bilder til livet. Fjella eg vaks opp med, vil for alltid vere ein del av meg. Elva som rann stille og vid….. fjorden kalla vi henne…..gav ulike bilder til ulike årstider. Islagt fjord gjev meg ro og bilder av leikande born. Blide bakkar om sommaren var fulle av blomar og jordbær og lette småsko….. i vinterleg snøkappe blei vi pakka inn i tjukkast mogleg ullklede for leik med ski og kjelke. Frostkalde fingertuppar og tær høyrer med i dette biletet; knitrande vakkert ser eg det for meg…… Dei vakraste vinterfjell… vi har nok alle våre favorittar… i vårt indre blikk… 

Landskapet
Alle har vi eit landskap inne i oss

forma av landskap ikring
det ligg like framom oss
usynleg…men likevel kjent
I tanken formar det seg
som vegkanten ved små barneføter
som blide bakkar frå barneår og glade dagen
som fossestryk i leikande overmot
som høge fjell frå vandringar i unge år
som lauvskog i gyllen haust med høge tankar
som bølgjegang i sølverskin ved soleglad
Og alltid over er den høge himmel
med utsyn frå æve til æve
:::::::

Adventvent 20

Kva er det eigentleg med julesongar….

som gjer deg så hjarteglad og varm? Fordi du song dei som barn? Fordi du hugsar korleis det var å gå kring eit pynta juletre saman med dine eigne forventningsfulle barn…….. Kanhende alt kjem ned til det faktum at vi gong etter gong feirer det vesle barnet som kom til oss; det var så trendsettande at ‘heile verda’ blei med i lovsongen…. dette var endåtil før twitter og facebook og soundcloud og eg veit ikkje namnet på dei… kom og redda informasjonsflyten for oss…. Gloria in excelsis… Ære til Gud i det høge…. Forstå det? Viss det hadde vore så enkelt at vi kunne forstå det med vår tidsavgrensa forstand, ville det ikkje vore av ein slik karakter at det hadde skapt verdssensasjon….då…og no 2000 år etterpå…….
I går kveld song vi for våre sambygdingar som bur på Helsetunet…. den mest meiningsfulle konserten i året! Nokon ser dårleg, men dei treng ikkje sjå for å gjede seg over dei gamle juletonane…. nokon høyrer ikkje så godt lenger, men dei følgjer med på stemningen ….nokon har mista evnen til å tale, men syng med av full hals og hjarte …. nokon sit fastlenka til rullestolen og nokon sit fastlenka til fortida…. De mest meiningsfulle måten å nytte eit par timar ein adventskveld…

Alder
Eit tre som veks
får nye skot
og nye greiner
år for år
Kruna femner vidare
Sår i barken
visne greiner
ein og annan misvekst
eitt og anna villskot
Teikn på levd liv
Hald kruna høgt
ver stolt av dine sår
: : ::: : :

Adventvent 19

Den menneskelege stemme…
det edle instrument

Kultur er å odle eller dyrke… det er kultur i å synge…saman med andre eller åleine. Bass og tenor, alt og sopran… når dei verkeleg syng saman og ikkje kvar for seg, då vert det ei oppleving å lytte til…. Vilje, kunnskap, musikalitet, terping og tolmod; stemmene må ‘sitte’, elles vert det surt. Men framfor alt: ‘sangens vell fra hjerte går, og til hjerte kommer’…. Song frå hjarte, ektefølt formidling kan dekkje over skeive tonar. Å syngje ute … t.d. 17. mai på Haugen .. er ei nasjonalkulturell stor utfordring;  Ute har ein ofte fleire som foreinar seg med koret… slik spontant..  så som fuglane og vinden, eller regnet, fjella og fjorden Det er fest!….  Småborn som syng i julekvelden… akkompagnert av lette snøkorn….Småborn syng naturleg reint og dei syng med heile seg… frå hjartet. Desse to småjentene på julekortet kjem syngjande nedetter Jordmormatjavegen…. stjernene funklar om kapp med barneauge…. vindaugo lyser og viser leia… hjartene fryder seg og sprer glede… og inspirerer til å slå følgje…

Barn i jula
I jula
er vi alle
barn
Snille og gode
smiler til gaver
og hverandre
Tenk om
jula varte
hele året
::

Adventvent 18

Forventning

…som barn venta og venta eg på jula… pakkar (eg visste kor dei vart gøymt og hadde oppteljing mange gonger for dagen)…. julefest med gang om treet; det var som noko magisk ved dette å halde kvarandre i hendene og gå kring grana som vi hadde vore med å pynta i skuletimane…. nokon nye korger blei laga kvart år…. Som vaksen og mor til mine eigne barn låg forventningen i å få ferdig julekjolar og dressar… sjå på borna si forventning; julebakst med kakemenn og damer, nokon tynne og nokon tjukke….nokon lika deig betre enn kaker…stovebordet fullt av glanspapir for julepynt, meir og meir forseggjorte og vanskelege å flette etterkvart som finmotorikken blei utvikla…. stova var mest som ein julenisseverkstad i adventstida…. sjå borna si glede over å lage julegåver til mamma og pappa og syskjen og heile veneflokken…. julekvelden med kyrkja på Sæle og heim til pinneribbelukt over heile huset…Raud juleduk og nypussa sølvtøy og raude lys i sølvstaken..  Juleevangeliet….spenninga ved julegåver  tok all matlyst frå dei minste…..  gang om treet…vi trengde gjerne eit par dokker for å nå rundt: tre julesongar…… O, sæle julegåver! ….pakkeopning gjekk etter faste reglar: ikkje opne neste pakke før alle hadde sett og beundra den siste…….når pakkane under treet var opna og alt papiret rydda bort i kvar sin krok…. Herlege julerot og tindrande barnejuleauge….. 

Å bli som barn igjen
Vert du som barn….
kan du sjå englar i lystig dans i snøkrystallar
augnar du regnbogen i stjernekald vinternatt
kjem englar dalande i skjul på høglys dag
Barnet..
ser med klåre auge
høyrer med vare øyre
Finn att barnet
det glade
det forventningsfulle
det med klokketru på eiga skaparkraft
det med julekveldstindrande auge
Og fryd deg over det
:::::::

 

Adventvent 17

Forventning

…som barn venta og venta eg på jula… pakkar (eg visste kor dei vart gøymt og hadde oppteljing mange gonger for dagen)…. julefest med gang om treet; det var som noko magisk ved dette å halde kvarandre i hendene og gå kring grana som vi hadde vore med å pynta i skuletimane…. nokon nye korger blei laga kvart år…. Som vaksen og mor til mine eigne barn låg forventningen i å få ferdig julekjolar og dressar… sjå på borna si forventning; julebakst med kakemenn og damer, nokon tynne og nokon tjukke….nokon lika deig betre enn kaker…stovebordet fullt av glanspapir for julepynt, meir og meir forseggjorte og vanskelege å flette etterkvart som finmotorikken blei utvikla…. stova var mest som ein julenisseverkstad i adventstida…. sjå borna si glede over å lage julegåver til mamma og pappa og syskjen og heile veneflokken…. julekvelden med kyrkja på Sæle og heim til pinneribbelukt over heile huset…Raud juleduk og nypussa sølvtøy og raude lys i sølvstaken..  Juleevangeliet….spenninga ved julegåver  tok all matlyst frå dei minste…..  gang om treet…vi trengde gjerne eit par dokker for å nå rundt: tre julesongar…… O, sæle julegåver! ….pakkeopning gjekk etter faste reglar: ikkje opne neste pakke før alle hadde sett og beundra den siste…….når pakkane under treet var opna og alt papiret rydda bort i kvar sin krok…. Herlege julerot og tindrande barnejuleauge….. 

Å bli som barn igjen
Vert du som barn….
kan du sjå englar i lystig dans i snøkrystallar
augnar du regnbogen i stjernekald vinternatt
kjem englar dalande i skjul på høglys dag
Barnet..
ser med klåre auge
høyrer med vare øyre
Finn att barnet
det glade
det forventningsfulle
det med klokketru på eiga skaparkraft
det med julekveldstindrande auge
Og fryd deg over det
:::::::